Etter at Sogn Fjordmuseum har vore stengt nokre år, vart det på nytt opna for sesongen laurdag 17. juni 2023. Museet framstår i ei oppfriska drakt med ein koselig liten kafe og ein flott uteplass der ein kan nyta ei hellekake og ein god kopp kaffi.
Sjølve utstillinga er ei spennande vandring mellom gamle båtar i mange variantar, både rikmannsbåtar og båtar laga for praktisk bruk på Sognefjorden.
Det var mange båtbyggarar i Sogn, og ein god del av båtane på museet er bygde her.
Er du interessert i lokalhistorie frå ei svunnen tid her i Sogn er det vel verd å ta turen innom Sogn Fjordmuseum. Og som sagt... ei god hellekake med kaffi i den koselige kafeen gjev deg ein god pust i bakken. Det fortener vi alle..

