Den årlege klassefesten, her ved nokon av dei som kjem:

Eg håpar han kjem i år, han Petter
for vi var bestekameratar vi
han gjekk alltid føre, og so kom eg etter
Der kjem no iallfall han Per
men han er eigentleg litt kjedeleg
for han går alltid i same kler

Der kjem også han merkelege Pål
han sette fyr på huset sitt han
det vart visst eit skikkeleg bål
Og sjølvsagt kjem han Knut
han er åleine no
kona hans heiv han nettopp ut
Å sjå, der kjem ho June
på skulen hoppa ho strikk
var ein gut og hette Rune
Og inn gjennom døra kjem ho Trine
ho var eg so forelska i
og jammen er ho framleis ganske fine
Og sjølvsagt kjem ho glade Ruth
ho som pratar ustanseleg
ja kjeften hennar går både jamt og trutt

Som ein vind kjem også han Kåre
han har det alltid so travelt
ikkje rart han har mista alt håre_
Og der kjem han vi kalla «Makken»
han lever visst eit hardt liv
og har fått mang ei ripe i lakken
Å kor rart det er å sjå
kor mykje dei har forandra seg
alle saman, sia vi var små

I år er det eg som er vert for denne festen
og enno ein gong seier eg hei og tenkjer
at framleis er eg ung, eg eldast jo ikkje slik som resten.