Skip to main content
Løven og Steinbukken
Kassebilløpet

(fritt etter ein draum!) 

Det skulle vere kassebilløp i Stranda.

Ikkje at det var nokke nytt påfunn, for det var det nemlig kvart år i starten av juni. Men det nye i år, var at eg skulle fa vere med.

Kem det var som ein gong fant på dette med kassebilløp, hugsa eg ikkje, men grunnen var visst å få samla alle ungane og dei vaksne som budde der ute i Stranda, til en slags feiring for at det snart var slutt på skuleåret. For feiring blei det alltid etter løpet! Dei vaksne grilla og drakk øl, mens vi ungane åt pølser til vi nesten sprakk. Etterpå spilte han "Gunnar i Lyktebakken" opp til dans.
Der tok dei vaksne for seg sin del av dansegolvet, men vi ungane gjorde så godt vi kunne for å være med på leiken.

Men først var det altså kassebilløp!

Det har vore ein tradisjon blant ungane i Stranda å bygge slike kassebiler i mange generasjonar. Vi hadde ofte fått høyre frå foreldra våre om deira store bragder, der dei hadde rent så og så fort nedover bakkane, og likeeins kor langt dei hadde rent.
Rekorden i lengde, var heilt inn til huset til Petter og dei, og det var visst fryktelig langt, for rekorden hadde stått i mange år.

Starten gjekk alltid frå den tidlegare nemnte ”Lyktebakken”, der han Gunnar budde, fordi at det var det høgste punktet på vegen der ute i Stranda.

For å sette Stranda litt meir på kartet så er, eller var, det ein liten bydel av Florø, og den gjekk då frå moloa, eller hurtigrutekaia og utover langs med Florøvika. Det var ein gong ein idyllisk og fredeleg bydel, der vi heilt uforstyrra kunne drive med vårt, ja til og med renne med kassebilar midt i vegen utan å treffe skikkelege bilar. Slike var det nemlig ikkje så mange av på den tida.

Men det var den gong. I dag er Stranda en utbygd og overfylt del av Florø sentrum. Og idyllen? Vel, ved mitt siste besøk, var det ikkje så veldig mykje igjen av idyllen, slik eg hugsar den.

Men, lat oss vende attende til vårens største og vakraste eventyr, for alle oss som budde der i Stranda den gongen.

På grunn av eit visst faremoment, hadde dei vaksne ein gong satt ei aldersgrense på deltakarane i løpet. Den var frå ti år og oppover. Og det må ha vore ein svært kald vinter ein ti års tid tidlegare, for dette året var det mange som nådde den aldersgrensa. Der i mylla var altså eg.

No var det slik at dette året var det ein eller annen som hadde funne på at løpet skulle leggast i ein anna retning enn før. Ungane skulle ikkje lenger renne frå Lyktebakken og innover mot huset til Petter. Sidan festen, og dansen, dette året skulle vere på brygga til Køffen, kunne likegodt løpet gå den vegen og, meinte dei. 

Køffkaia

Starten ville uansett gå frå Lyktebakken, men etter ein tjue meter eller så, skulle ungane svinge mot venstre og renne nedover bakken som gikk ned til Køff kaia.

Bakken her var brei og fin og gjekk i ein svak venstresving rundt ei garasje, for så å ende på den store grusplassen framfor den store lagerbygningen til Køffen.

Festkomiteen hadde målt opp lengda på bakken og laga merker på plassen for å kunne måle kor langt kassebilane rant. Bakken var sikkert hundre meter lang, så ungane ville få stor fart og renne langt. Alle hjerter gleda seg!

Å lage ein skikkelig kassebil, var ein stor kunst. Ein kunst som dei eldste ungane prøvde å holde hemmeleg for dei yngste. Men vi hadde jo sjølvsagt sett bilane deira, så det skulle gå greitt å snikre saman nokke som likna. Her var det bare å bruke fantasien å prøve å lage ein bil som var så tøff som muleg og som samtidig kunne renne langt.

Men dette var jo sjølvsagt svært avhengig av tilgangen til råmateriale.

I mitt tilfelle var dette eit serdeles stort problem. Først måtte eg skaffa meg nokken hjul, så måtte eg finne nokken passande fjøler, eller ein stor kasse å feste hjula på. Deretter skulle fjølene utstyrast etter beste fantasi, med forskjellige pynt og dippedutter.
Nokken kassebiler eg hadde sett, var også utstyrt med et skikkelig styre, men det såg eg som umulig å få til.

Det måtte nok bli den enklaste løysinga; eit par tau knytta rundt akslingen på framhjulene. Dra i det eine tauet, og bilen svinga til venstre, dra i det andre og bilen svinga til høgre. Verre skulle det ikkje være!

Bror min, som var tre år yngre enn meg, var den einaste som skulle få lov til å vere med i kjellaren når eg starta bygginga av mitt meisterverk. I alle fall maste han seg til det, og det var jo eigentlig greitt, for eg trengte jo nokken til å holde spikaren når eg skulle spikre, og så trengte eg nokken til å kjefte på når eg ikkje fekk til det eg bala med.

Å finne hjul var det vanskeligaste.

Mamma og pappa hadde med ein gong lagt ned forbod mot å ta hjula på barnevogna til bror min. Den hadde stått ubrukt i fleire år og var mitt første innfall når det gjaldt hjul. Kanskje dei hadde andre planer med den? Det fikk no tida vise.

Vel, sidan dessa hjula var min einaste mulegheit til å få laga meg ein bil, holdt planane mine på å strande lenge før prosjektet var kommen i gang. Petter, som var to år eldre enn meg, og min beste kamerat, kom meg som så mange gonger både før og seinare i livet, til unnsetning.

Ein sein kveld banka han på døra heime og ville snakke med meg. I ein mørk krok ved kjellartrappa viste han meg fire store og flotte hjul. Dei satt to og to på kvar sin aksling som igjen var festa på kvar si raudmåla fjøl. Petter kunne fortelje at han hadde "funne" hjula inne på moloa, og at ingen i verden eigde dei. Men, sa han, det var nok likevel best om eg skifta ut dei raudmåla fjølene!

Med store auge, og full av beundring for min beste kamerat, tok eg takknemleg i mot hjula og lova på ære og samvit at eg, om ikkje anna, iallfall skulle male fjølene i ein annar farge.

Men slik gjekk det sjølvsagt ikkje.

Med min vanlige flaks her i livet, fantes det i vår kjeller berre to malingsspann. Det eine var halvfylt med brukte og rusta spiker, som far min ein gong sikkert hadde tenkt å rette opp for å bruke om igjen.

Det andre spannet var ikkje ein gong opna, og når eg endelig greidde å få av lokket, kunne eg konstatere at det var fylt med..., ja akkurat.. .raudmåling! Ikkje så rart forresten, huset vårt var jo raudt.

Så den einaste løysinga her var å fjerne dei raude fjølene og sette på nye, umåla. Sidan hjula til min nye kassebil var blitt erverva på ein litt tvilsam måte, var det viktig a snikre saman bilen i den djupaste hemmelegheit. Det betydde at eg måtte holde spikrane sjølv, for ikkje ein gong bror min fikk ta del i Petter og min sin hemmelegheit, så eg blei nøydt til å gå tilbake på mitt løfte til han om å få vere med på byggeprosessen.

Mellom kvar økt i kjellaren blei bilen omstendelig dekka til med det som kunne finnast av tomme kolsekker, og dei var det mange av, no som det vår og fyringssesongen var over.

På grunn av problema med a skaffe hjul, låg eg no langt etter i byggeprosessen. Det hasta med å bli ferdig. Dessverre så måtte vi og på skulen endå nokken dagar, så det blei seine kvelda i kjellaren med hammar og sag. Malingsspannet med brukte spiker fikk eg og god bruk for.

På førehand hadde han far funne fram litt materiale som eg kunne bruke. Han hadde og plukka vekk en del verktøy som han var redd for. Om det var verktøyet han var mest redd for, eller om det var at eg skulle gjere meg ska med dei, veit eg ikkje den dag i dag, men det var iallfall svært vanskelig å lage ein skikkelig kassebil bare med ein hammar og ei rusta sag utan tenner. Kanskje det var på den tida eg la grunnlaget for mitt enorme raseri over døde ting.

På min tredje kveld som bilkonstruktør, rant begeret over for fyrste gong. Ein bøygd spiker frå malingsspannet, blei bare meir og meir bøygd for kvar gong eg slo på den. 
Eg hadde endelig greidd å få to breie fjøler til å ligge så mykje i ro på akslingane at eg kunne feste dei saman. Tanken var å sette nokken spikra på kvar side av akslingane, og så bøye dei over desse, slik at dei på den måten hang fast i fjølene. Men spikrane, som altså var bøygd frå før, bøygde seg meir så alt for tidlig, slik at det blei minimalt med feste både i fjølene og rundt akslingane.

Sjølv etter å ha banka i fem, seks spiker på kvar, kunne eg enkelt rive akslingane laus igjen med handemakt. Dette utløyste eit hittil ukjent raseri i ein elles så snill og rolig kropp!

Det dansa svarte stjerner for auga og hammaren fikk smake vreden mot alt som var i nærleiken. Ei kraftig røst brakte ein dirrande og hemngjerrig tiåring ut av transen og tilbake til den brutale verkelegheita. I døra inn til bilfabrikken sto både mor og far med armane i veret og ropte i munnen på kvarandre, i elles trygg avstand frå den vesle rebellen. Etter nokken minutta fikk eg roa meg så mykje at eg fikk tatt ei oversikt over slagmarka. Det såg ikkje pent ut.

Han far, som var ein liten humorist, takka meg for å ha spart han for arbeidet med å lage kveikeved til neste fyringssesong. Vi skulle nok ha rikelig fram til jul iallfall, meinte han.

Etter raseriet hadde lagt seg kom tårene, slik dei ofte gjer. Og då var ho mor god og ha. Bilprodusenten blei permittert for kvelden og tatt med på kjøkkenet. Der blei han fora med kaker frå boksen øvst i skapet. Den som ho mor trudde vi ikkje nådde når vi var åleine heime.

Etter eit par dagars pause var det påan igjen. Han far hadde rydda unna kveikeveden og funne to nye fjøler til det komande praktverket. Og sannelig, etter nokken kveldar i kjellaren, dog med nokken mindre utbrudd, stod verkelig det meste av det rullande vedunderet ferdig.

Den bakarste akslingen var godt festa på fjølene, mens den fremste hadde god slakk, slik at det gjekk an å styre. Styretauene var knytta rundt akslingen, på utsida av fjølene og styringa skulle gå som ein leik. På sida hadde eg spikra fast to kortare fjøler til karm. På desse hadde eg, med raudmaling frå spann nummer to, måla "Lynet" på eine sida og "Tarzan" på andre. Dette var mine to store kvardagsheltar på den tida, og dei skulle bringe meg både fart og styrke.

Det einaste som mangla no, var nokke til å sitte på. Dette blei eit større problem enn venta, men også det løyste seg til slutt.
I ein krok, under nokken store treplater, som far min sikkert hadde tenkt å lage nokke fint av ein gong, låg den gamle potta til bror min. Vel, mellom oss sagt, så trur eg at eg har brukt ho og!

Uansett, så tenkte eg at den måtte vel kunne brukast til sete. Om eg fekk festa den til fjølene og stappa den med gamle kolsekker, så ville eg sitte både høgt og mjukt på min ferd mot heider og ære.

Men enkelt var det ikkje. Kva slike potter er laga av veit eg ikkje, men det blei eit svare strev med å få ein spiker gjennom botn. Det gjekk til slutt, men så mykje styr vart det at eg nøyde meg med den eine.

Det var et stolt augneblikk då eg med andakt pakka over gliset for siste gong før løpet. Bare min medfødde beskjedenheit heldt meg frå å rydde plass til førstepremien allereie no. Det fikk vente nokre dagar.

Løpsdag

Dagen for det store løpet og den påfølgande festen, kunne ikkje blitt finare. Det var varmt, og sola skein frå skyfri himmel. Akkurat slik som barndommens sommar skulle være, og akkurat slik vi alle hugsa at dei var. Det var laurdag og alle hadde fri og alt var bare fryd og gammen. Mødrene i Stranda stelte i stand mat og drikke til store og små, og fedrane skaffa mannebrus, lagde langbord og sette opp grillar. Alt lag til rette for en vellykka dag!

Klokka seks skulle starten gå, og det var mange nervøse timer å vente for bilistane. Tida gjekk med til finpussing av doningane, smøring av hjullager og liknande. Eg var heldig og fann ein hestesko som eg festa på eine sidefjøla. Uheldigvis for meg, så visste eg ikkje då at den skulle festas med opninga opp, slik at lykka ikkje rant ut. Men det er som dei seier, man skal lære av sine feil.

Klumpen av stoltheit voks i bringa i det eg mottok beundrande blikk frå massen der eg bretta dekkenet av kolsekker til sides og viste fram min prektige firehjuling.

Undertrykt humring frå flokken fekk rødmen til å stige i kjakane, men då eg snudde meg for å sjå kven som lo, såg eg bare små og store som plutselig var svært interessert i nokke på himmelen. Berre mor mi viste tydelig sin forundring, eller var det forskrekkelse, der ho sto og heldt den eine handa for munnen, mens ho peikte på mitt flotte recaro-sete med den andre.

Petter klappa meg på skuldra og skraut uhemma av både bil og sete. Det var bare slik han var han Petter, og han var sikkert samtidig glad for at ingen kjente igjen hjula på doningen. Setet tok nok det meste av oppmerksomheten.

Men løpet var allereie i gang, så det vart ikkje tid til å dvele så mykje ved kvar enkelt kassebil.

Ein annar ny ting av året, var at han Gunnar skulle sitte på toppen av Lyktebakken og spille en trudelutt på trekkspillet sitt, når bilane rant ned bakken. Frå der han då satt kunne han sjå enden av løypa, slik at han avslutta når kvar bil kom i mål. Dette fungerte suverent og sette ein ekstra spiss på hendinga.

Etter loddtrekning skulle eg starte som nummer sju av nitten. For å komme i litt fart hadde nokken bestemt at vi skulle bli dytta dei første fem meterane. Han Olai, som var ein gammal ungkar og ein liten original i bygda, hadde meldt seg frivillig til denne jobben.

Kassebilløpet gjekk aldeles strålende del første renna. 

Allerede i første løp satte Per Ove standard for løpet. Han rant heilt ut på flata og nådde nesten bryggekanten på Køffkaia. Det gjorde også til at løypa blei litt forandra og vi måtte svinge enda litt meir mot venstre for ikkje å komme ut på kaia. Men pytt, det var jo ingen problem!

Og det var det heller ikkje for dei seks som kjørte før meg. Alt gikk som på skinner, og stemninga blant publikum var stor frå første stund. Ungane jubla og putta grillpølser i munnen, mens dei vaksne, iallfall dei fleste mennene, svinga mannebrusen og heia høgrøsta på alle.

Og øvst på Lyktebakken satt han Gunnar og drog den ene trudelutten etter den andre ut av trekkspillet sitt. Alt låg til rette for at det skulle bli ein vellykka kveld.

Men!

Så var det min tur.

Og det gikk heilt gale allereie frå først meter. Og verre blei det! Han Olai, som altså skulle dytte oss i gong, hadde allereie samla seg ein anseleg mengde med tomflasker ved sin post på toppen av bakken, og var naturlig nok etter kvart blitt nokke ustø på beina. Og eg min tosk, som hadde montert hesteskoen med opninga ned, fekk no svi for min uvitenhet på det området.

Eit skritt tok han, han Olai, så stokka beina seg.

Sjølv om fyren etter kvart var blitt kokande lett, ramla han tungt som bly framover den intetanande rallyføraren. Med eit veldig dytt i den eine skuldra kom eg heilt ut av ballanse og tippa over mot venstre. Presset frå recaro-potta, mot skilje mellom fjølene, ble større og større og mine to kvardagshelter, Lynet og Tarzan, skilte dermed lag.

Til dei første tonane av "Rosa på ball", tok ferrarien heilt kontrollen frå føraren. Med beina i været og potta på halv åtte mellom fjølene, som dermed glei lenger og lenger frå kvarandre, kunne eg berre konstatere at farten auka nokke utrivelig.

Eg drog febrilsk i styretauene utan at hjula gjorde det minste teikn til å lystre. Beint framover og nedover den bratte bakken bar det så grusen skvatt under hjula. På toppen av lyktebakken var han Gunnar no kommen til refrenget og fortsatte ufortrødent videre. Det gjorde også den tidlegare så sjølvsikre rallyføraren.

No må det være klart for alle at også dei store pionerane innan bilproduksjon, sånne som Henry Ford og andre, hadde ein og anna feilproduksjon på dei første bilane sine. I min ville fart nedover mot Køffkaia gikk det raskt opp for meg kva min feilproduksjon bestod i. Eg hadde glømt a montere bremser.

Sjølvsagt hadde eg sett at dei andre hadde ein stor stokk som dei drog i når farten blei for stor, men det var først no det gikk opp for meg at eg sjølv hadde glømt denne viktige innretninga.

Eit kakafoni av hyl og rop frå eit skrekkslagent publikum ljoma i øyrene mine i det eg raste forbi dei i nitti! Og med den store farten eg etter kvart opparbeidde meg, var det helt klart at min gode venn Lynet var med meg på ferda. For farten bare økte!
Halvvegs nede i bakken, der vegen svinga mest mot venstre, fekk bilen min venger.

Som skutt ut frå ei kanon for den ut over vegkanten og skilte publikum, som kasta seg til sides så halvspiste pølser, brusflasker og anna hang igjen i lause lufta.

Nedanfor vegkanten var berre ein bratt skråning ned mot sjøen og ei steinete strand. Dit var det den svevande doningen hadde tenkt seg. Og enten eg ville eller ei, så følgde eg med, som ein astronaut i ein månerakett!

Men det som fere fort opp, kjem ofte like fort ned igjen. Så også med meg. Etter et nokså luftig svev på heile fire meter, gikk den flygande prototypen inn for landing. Sidan det her skjedde for ganske lenge sida, var heller ikkje sikkerheitsselar oppfunnet. Så sjølv om kassebilen fikk ein heller ublid bråstopp i fjæresteinane, betydde det ikkje at eg stoppa med det!

Å nei da!

Om Lynet hadde følgt meg trufast på den ville ferda nedover bakken, så svikta min andre venn Tarzan meg no heilt. Han, som i alle situasjonar svinga seg så galant frå tre til tre, var ikkje mykje til hjelp når eg trengte han mest.

Som ein uformelig og skrikande bylt, blei eg til dei siste tonane av "Rosa på ball", kasta ut over den speilblanke sjøen. Eg trur det var i dette augneblikket eg fekk mitt første anfall av flyskrekk. Gjennom samanknipne auger skimta eg langt der nede to robåtar som låg side om side og klikka ripa mot kvarandre, som to gode kameratar med armane rundt kvarandre sine skuldra. Både eg og det skrekkslagne publikum ante det verste!

Om det var flaks eller uflaks, veit eg ikkje, men i det min stigande kurs avtok og eg starta på nedturen, glei robåtane stille frå kvarandre, som om dei eit augneblink var blitt ueinige i nokke. Dermed blei det så vidt plass til astronauten mellom dei.

Med et solid mageplask, trefte eg storhavet og alt blei plutselig heilt stille rundt meg. Og vått!

Det er godt mulig at mine yrkesval seinare i livet har vert sterkt prega av denne hendinga, for dykkar blei eg heller ikkje. Og sjøvatn smaker pyton!

Eg var ikkje store karen den gong, og ikkje var eg spesielt tung, men sank som ein stein gjorde eg. 
Der nede blant tang og tare, og stimar av småmort som rømte i panikk, la eg meg til kvile og var alt for sjokkert til å gjere motstand. Men det er rart kor lytt det er under vatn.

Frå mitt fuktige leie, langt der nede i djupet, høyrde eg plask etter plask etter plask mot den glitrande vassflata over meg. På eit augneblink var eg omringa av arma og bein i hopetal. Alle sleit og drog for å få meg over vatn. 

Vår gode nabo, som var fiskar og vant til å "stå han av" på sjøen i all slags ruskevêr, vant kampen og løfta meg opp med sterke armer. Ein sprut av sjøvatn og småfisk, som hadde vore nede i magen min og snudd, var det han fikk som takk. Akkurat då iallfall.

Det er kanskje unødvendig å sei at årets kassebilløp blei nokke amputert. Ingen av dei andre ungane vågde å sette utfor etter min fatale køyretur, ikkje fikk dei lov heller. Men fest blei det likevel, etter at alle badenymfene hadde vore heime og skifta kler.

Eg har vel aldri verken før eller seinare blitt dulla og stelt med som eg blei den kvelden. Om det ikkje blei nokken sigerspokal på meg, så fekk eg iallfall nok pølser. Kanskje eg ikkje snudde hesteskoen feil vei likevel?

Men etter denne opplevinga lagde eg meg uansett ei hugsliste over alt eg skulle hugse å ha med neste gong eg lagde meg ein kassebil: Bremser var sjølvsagt viktig, men også sikkerheitsselar, fallskjerm og flytevest!