hewiro
Eit minutt
Kan vera som ein time
Når dei driv og bombar
Endå eit regime
Ein time
Kan vera som ein dag
Når ein sit og ventar
På det neste store slag
Ein dag
Kan vera som år
Når ein sit attende
Og skal lega krigens sår
Eit år
Kan vera som mange
For den uskuldige
Som vert krigens fange
Eit liv
Vert raskt lagt i grus
Når ei bombe
Treff den uskuldiges hus
Minutt og timar
Vert til lange vonde år
For tida legar aldri
Krigens djupe sår
