Skip to main content
Løven og Steinbukken
Storekverna på DHS Museum

Filmen du kan sjå her viser korleis kverna vert vedlikehalden og korleis ho vert teken i bruk. Denne kverna står no på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og vert nytta til skuleopplegg kvart år..

Teksten her er frå audio-guiden til museet. Den kan du og få høyre på engelsk og tysk om du snakkar med dei på museet'

«Denne kverna kjem frå garden Sjøtun i Solvorn, i Luster kommune, der ho vart bygd midt på 1800-talet. Ho va ri bruk fram til den andre verdskrigen.. Kverna knuser kornet til mjøl mellom to kvernsteinar. Den underste ligg i ro, medan den øvste vert driven rundt av vasskrafta. Om du stiller deg på nedsida av kvernhuset, slik at du kan sjå under huset, ser du kvernkallen. Når vatnet blir leidd inn i vassrenna treffer det skovlene på kvernkallen med stor kraft, og den driv kvernsteinen rundt.»